Hjarta av stein.

Vøre mitt hjarta av stein
kunne eg gå gjennom verdi
utan mein.
Alle dei vonde ord
ville møte meg
utan å såre,
utan å setje spor.
Usårleg ville eg stå
midt i den vålege striden.
Ta imot slag-og slå.
Vøre mitt hjarta av stein-
Nei, heller bogne og bera
stå her og suse
i vinden og vera
ei levande grein.»

Hans Børli

Reklamer