Eg vil berre tenke vanlige tankar
vil berre høyre om det som er kjekt
vil ikkje lukte på noko som stankar
og ikkje sjå filmar som gjer meg svekt
Eg vil ikkje sjå for meg folk som fortviler
i desperat kamp – låst inn – under dekk
som ikkje kjem unna vatnet som siler
inn i ein skrøpeleg båt som spring lekk
Eg vil ikkje vite at nett dette hende
då eg sat og surfa på nettet i natt
eg vil ikkje vite om flokken som kjende
at døden var einaste som no sto att
Eg vil berre tenke vanlige tankar
vil berre høyre om det som er kjekt
vil ikkje lukte på noko som stankar
og ikkje sjå bilder som gjer meg svekt
22. april 2015, av Sigfred Marlov Dyb