Mannen og Lothepus

MANNEN OG LOTHEPUS

Han er jysla seig, denne Mannen
Så no har dei kopla inn sjølve Alfahannen!
Vil me no sjå at sjølvaste Lothepus
Får gjera Mannen om til ein haug med grus?

Då vil det bli raus omgang med dynamitten
Sannsynlegvis ei ladning på storleik med Monolitten.
På eit blunk vil ladninga vera klar
Og Lothepus kveikjer lunta med sigar.

Då kjem heile Mannen til å eksplo-faen-meg-dera
Så dei høyrer smellen over heile verda.
Heile Mannen kjem til å knea
-får håpa ikkje Trumpen trur det er Nord Korea!

Heile nuten kjeme å løsna i eit lass
Og kjem til å landa som steinrøys på Austlandet ein plass!
Mannen landa i ei utmark på ein utedass
Ferdig planert til å byggja eit palass.

Der kjem Petter Pilgård til å byggja hus
På ferdig nysprengd Lothegrus.
I Rauma står NRK og direktesende
-og lure på kva i helsiken hende?

Arne 50 år. Konsekvensutgreiar.