SKUGGAR
(til Sylvi Listhaug)
Då månen hadde kvesst seg sylskarp
på stjernehimmelen kraup dei som
ormar ut av det fuktige kjellarmyrkret
og heldt seg tett inn mot restane av murvegger
i Aleppo by, mest usynlege skuggevesen
i myrke klede. Det er ikkje regn
av klasebomber glasskår spikrar
over dei no, dei listar seg fram og Maryam
ammar barnet ho fødde på murgolvet: Dei kom
med profetiske ord og reiv av henne kleda,
trengde inn i henne alle stader, éin etter éin
til ho låg der blant daude og halvdaude.
Dei er berre skuggar og restar av bål, sur blåsvart oske
i skogkanten. Maryam ammar
sin farlause son. Dei lista seg sakte
ut av luktene av stram urin
sveitte og rotnande matrestar, frå rotteaugo
som skein i bålet dei hadde tendt
av samanbrotne møblar på steingolvet.
I måneskinet viklar dei seg ut
av ein veldig spindelvev som klistrar seg til dei
der dei slit seg ut av veven
med flugevenger myglande matrestar
i dei klisne trådane. Grønt månelys.
grønt månelys.
Dei er augo som lyser i grønt måneskin
i utkanten av ein småby.
No hengjer dei opp klesfiller på snorer
dei har strekt ut mellom trea her,
Maryam fugletynn skugge, papirlaus
i si ferd vekk frå kjellarmyrkret
Maryams magre føter, dei går
gjennom ørken, sand sand i hudporene sand, lite mjølk
i brysta hennar som trør i ørkenen men sonen teier
ikkje mat ikkje vatn ikkje vern 40 grader hete sol logar
og dette fylgjet kjem til ei strand
der Europa kviskrar og lokkar i bylgjer frå andre sida,
ho minnest ord om eit lova land av mjølk og honning
og pressar fram av sårskorpene i munnen
ein smil til guten: Mjølk mjølk honning syng ho
for han og såra opnast att i leppene hennar, blodet
dryp i sand.
Dei kom dit ei natt utan månens skin, der var
eit piggtrådgjerde dei skar opp huda si på: Dei kom til ei strand der bylgjene kviskrar Europa,
ikkje krig ikkje svolt ikkje valdtekt.
Mjølk mjølk og honning åt deg barnet mitt
song Maryam
Månelaus natt og det skreik
i myrkret, menneskerøyster som rovfugl som ulv.
To av dei vart borte den natta,
då morgonen kom fanst dei to brørne: Låg slengde
i busker med utskorne nyrer, tome
augnehòler.
Morgon kom, bylgjene leika så blåe
i brisen.
Der brørne vart borte låg no
ein gummibåt, ei betaling kanskje åt dei tolv
som var att? Ikkje tenkja no, syngja berre
for barnet mjølk og mjølk og
På sjøen kom vinden med kraftige tak, han hogg
i båten. Kvelvde han
midtvegs på havet.
Tre av dei nådde ikkje båtsida
med dei iskalde fingrane sine, dei dreiv bort
frå dei og Maryam og barnet sokk i si våte grav
som var grøn og myrkna nedover
mot havbotnen. Tare og underlege fiskar
tok mot dei der dei gleid ned
i havbotnens tussmyrker som sakte
svartna heilt. Ho heldt den farlause
tett inn mot sine mjølketome bryst.
-Poet Knut Ødegård
2 kommentarer om “Skuggar (til Sylvi Listhaug)”
Kommentarer er stengt.