Sorga

Den sorga som er ein del av deg
som ikkje vert mindre av år
Sorga du ikkje kan springe frå –
eit latent, men levande sår
Du kan gøyme ho der inne –
kan hende gløyme ho iblandt
Men ho føl deg i dagane dine –
ligg på lur i din ytterkant

Vonde minner som lever –
sakn som slit og drar
Einsemd og lengt etter andre –
mange spørsmål utan svar
Ditt barn som strevar i livet –
som ikkje finn mål eller veg
Du ber det med deg i dagen –
etterkvart så set det sitt preg

Du lærer deg å leve –
tar sorga på ryggen og går
For livet har få alternativ –
det tar, haustar og sår
Ho lærer deg ein rikdom, sorga
gjerne styrke for andre rundt
Di levande hand, din varme –
når andre sin draum går sundt… 💛

(Anne Kristin Sønstabø
Festsongen tekst & poesi)