Tord Foleson

Tord Foleson

(Dikt, 1901)

Av Per Sivle

 

Dei stod paa Stiklestad,

fylka til Strid,

den gamla og so

den nya Tid,

det, som skulde veksa,

mod det, som skulde siga,

det, som skulde falla,

mot det, som skulde stiga.

 

So drog dei Sverdi

i sama Stund,

den bjarte Kong Olav

og den graa Tore Hund.

Og Hærropet dunde,

so Jordi ho dirra,

og Spjoti dei suste,

og Pilarne svirra.

 

Men so er det sagt,

at ein gasta Kar,

Tord Foleson, Merket

hans Olav bar.

Og denne Tord Merkesmann,

honom me minnast,

solenge i Noreg

Merkesmenn finnast.

 

Daa Tord han kjende,

han Banasaar fekk,

der fram i Striden

med Merket han gjekk,

daa støyrde han Stongi,

so hardt han kunde,

i Bakken ned,

fyrr han seig innunde.

 

Og gamla Soga,

ho segjer so,

at Tord han stupa,

men Merket det stod.

Og soleis maa enno

Mannen gjera,

skal Framgongs-Merke

i Noreg han bera.

 

Mannen kan siga,

men Merket det maa

i Noreg si Jord

som paa Stiklestad staa.

Og det er det stora,

og det er det glupa,

at Merket det stend,

um Mannen han stupa.

 

Merknad: Dette er den endelege versjonen av diktet, som Sivle publiserte fleire versjonar av. Det blei første gong publisert i Fedraheimen 8. april 1885, og Sivle tok det òg med i samlinga Noreg. Nationale Digte (1894). I Skrifter. I (1909), som kom etter at Sivle var død, finst diktet i ein fjerde versjon.

 


Frå Olavs-Kvæde. Bogvennen, Oslo, 1901, s. 112-114. Elektronisk utgåve 2005 ved Nynorsk kultursentrum.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s