Ingen er så trygg på ferda

https://www.youtube.com/watch?v=mSIjvlvQJxg

Ingen er så trygg på ferda

Ingen er så trygg på ferda
som Guds barneflokk i verda,
ingen fugl så vel er verna,
inga himmel, sol og stjerna.

Herren sine trugne lagar
kvilestad i Sions hagar.
Over dei han seg forbarmar,
ber dei stødd på faderarmar.

Naud og lukka til vil falla,
Herrens hand skal fast oss halda.
Som ein ven han sine aktar,
han er deira skjold og vaktar.

Han i nåde ut oss valde,
våre hovudhår han talde.
Han oss føda vil og kleda,
midt i sorga gjeva gleda.

Gled deg då, du vesle skare,
Jakobs Gud skal vel deg vare
For hans vilje og hans velde
dine fiendar veg felde.

Sjå, dei gode faderhender
både med- og motgang sender!
Men hans vise råd er milde:
Bare vel han barnet ville.
Av Lina Sandell, 1856
Til norsk 1883
Melodi: Vise (tysk) før 1800.
Nynorsk omsetjing;
Nils Lavik, 1927
DSC00744 (4)
Mellom himmel og helvete.