KVA ER DET ME HELD PÅ MED?
Kva er det me
held på med
når me stadig
prøver å stappa oss
inn i den samme
A-fire ramma
berre for å passa inn
i lag med alle dei andre
berre for at bilde
skal sjå bra ut
Kva er det me
held på med
når ungane våre
også skal
inn i den samme
A-fire ramma
for å passa inn heilt likt
enten dei er små lesehestar
urolege sirkushestar
eller små
gryande arbeidshestar
Kva er det me
held på med
når fokuset står på
kor viktig det er å bli
nummer ein
når både nummer to
og sistemann
er gode nok
Ramma blir smal
og pallen blir trong om
alle skal stå i midten– Borghild Ygre Skorve –